Gå videre til innhold
Solistar: Alexander Pavelich og Beate Mordal
Solistar: Alexander Pavelich og Beate Mordal

Pressemelding -

Den store julekonserten i Operahuset Nordfjord


Etter suksessen med Den store julekonserten i 2019 er det ei stor glede å igjen kunne innby til musikalsk julestemning i Operahuset Nordfjord den første helga i desember, med Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich som solistar i samspel med kor og operaorkester leia av Michael Pavelich!

Repertoaret spenner frå svingande, amerikanske julefavorittar og kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten til vakre, engelske christmas carols. I fjor fekk operaen i spesialskrive eit eige arrangement av Det lyser det stille grender av Helge Sunde. Den vert sjølvsagt å høyre også i år. I tillegg er det tinga endå ein nynorsk julesong frå Helge Sunde, nemleg den vakre Joleklokker over jorda av Anders Hovden og Rikard Nordraak. Elles byr programmet på ein fengande storband-versjon av Musevisa av Jens Wendelbo og eit uvanleg vakkert arrangement av Deilig er jorden av Petter Winroth. Programmet er fullspekka av vakre arrangement av dyktige arrangørar frå vårt eige land, i tilegg til internasjonale klassikarar.

Beate Mordal er fødd og oppvaksen i Molde, der interessa og utdanninga for både jazz og klassisk sang vaks. Ho tok så ein bachelor i Trondheim og ved Operaakademiet i København og blei ferdig der i 2015. Samme år debuterte ho på den Kongelige Danske Opera, som Papagena i Tryllefløyten. Sidan har ho sunge kvar sommar i Aix-en-Provence, der ho i år debuterte med London Symfoniorkester med ny musikk av Kaija Saariaho. Ho debuterte også tidlegare i år som Vitellia i Mozart’s La Clemenza di Tito med Bergen Nasjonale Opera, der ho også er utnemnd som Artist in Residence. Beate er vorten ein ettertrakta konsertsongar, der ho ofte kombinerer stilartane jazz, musikal og opera. Hausten 2022 får ho debutere i ei av sine drøymeroller ved Den Kongelige Danske Opera:Maria i West Side Story. I haust fekk vi oppleve hennar song- og skodespelartalent som den leikne Judy i musikalen Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

Alexander Standal Pavelich er oppvaksen på Nordfjordeid med korps, operaorkester og band som musikalsk inspirasjon i ungdomsåra. Han har si utdanning frå LIPA i Liverpool, og etter fleire år som frontmann i P3-favorittane Eye Emma Jedi og Loves­peake har han skifta beite og har no blitt ein ettertrakta pop-låtskrivarar og vokalist. Han har skri­ve for artistar som Nick Jonas, Alan Walker, Jarle Bernhoft, Julie Bergan og Lemaitre. Sidan Alexander sist gjesta julekonserten på Eid har han vore med å skrive over 60 utgitte låtar. Samtlege av desse har han også sunge på som featuring vokalist, mellom anna saman med verdsstjerna David Guetta. Akkurat no er han som låtskrivar aller mest aktuell med radiohiten “Dopamine” for den tyske DJ’en Purple Disco Machine, som i skrivande stund ligg i si 3. veke som den mest spelte låta på radio i Tyskland og totalt den 8. mest spelte i heile Europa. Han har også nyleg skrive ein song på det nye albumet til den koreanske supergruppa Twice, som debuterte på 3. plass på Billboard listene i USA.

Opera Nordfjord ønskjer heile familien velkomen til ei heilt spesiell konsertoppleving med flotte solistar, fullt symfoniorkester og samansett kor frå heile distriktet – med ei eventyrleg blanding av dei aller vakraste julefavorittane!

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge