Gå videre til innhold
Trond Halstein Moe, her som Germont i La Traviata, er ein av solistane vi får høyre på konserten måndag kveld. Foto: Øystein Torheim
Trond Halstein Moe, her som Germont i La Traviata, er ein av solistane vi får høyre på konserten måndag kveld. Foto: Øystein Torheim

Pressemelding -

Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

Måndag kveld 3. oktober er det duka for årets TV-Aksjonskonsert i Eid Kyrkje i regi av Opera Nordfjord. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har kvart år dei siste 20 åra arrangert konsert til inntekt for TV-Aksjonen med solistar og musikarar frå operafestvekene. 

På konserten måndag får publikum oppleve eit svært variert repertoar, der både etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar og musikarar frå operaorkesteret deltek. Repertoaret spenner frå Mozarts klarinettkvintett og Sentimental Romance av Stenhammar med Stig Nilsson som solist til utdrag frå Porgy and Bess med Nora Oleanne Sårheim og Trond Halstein Moe som solistar. Vidare får vi oppleve Øystein Skre med utdrag frå Spelemann på taket, og det vert  messing-kvartett, klavertrio og fleire utdrag frå kjende musikalar. Ol`Man River med Trond Gudevold og Nordfjordsongen med Eivind Kandal har allereie blitt favorittar på desse konsertane gjennom fleire år, så det er stor sjanse for at publikum får ønskja sine oppfylte også i år! 

Operaen er særleg glad for i å kunne støtte Leger uten grenser, som gjer eit livsviktig arbeid for sårbare menneske i utsette krigsområde i verda. 

Solistar og musikarar stiller opp gratis, Eid Kyrkje opnar gjestfritt dørene og hovudsponsor dekkjer annonseutgifter, så alle inntekter går direkte til TV-Aksjonen. Det er fri entré for dei som treng ein gratis fristad der ein kan oppleve vakker musikk og god tekstformidling - så kan dei som har råd til det, gi ei gåve i kollekt ved utgangen.

Velkomen til alle og einkvar - du er hjarteleg velkomen!

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter