Gå videre til innhold
Frå Fargespill Bergen 2009, foto: Kenneth Iversen
Frå Fargespill Bergen 2009, foto: Kenneth Iversen

Pressemelding -

Opera Nordfjord innbyr til Fargespel Nordfjord

Den første helga i april 2019, fredag 5., laurdag 6. og søndag 7. april,  innbyr Opera Nordfjord, Operahuset Nordfjord og alle Nordfjord-kommunane til eit uvanleg sceneshow, som inngår i operahuset si 10-årsfeiring. Fargespel Nordfjord - med nylaga, nynorsk logo for første gong - er no etablert, og spente og motiverte medarbeidarar skal dei neste åtte månadene arbeide fram ei framsyning heilt utanom det vanlege.

Fargespill starta i Bergen i 2004 etter initiativ frå Ole Hamre og Sissel Saue, og 20.mai samme år opna meir enn 60 barn og unge frå 20 ulike nasjoner Festspillene i Bergen. Dei fleste av aktørane var komne til Noreg som innvandrarar og flyktningar, og forestillinga baserte seg på song og dans dei hadde tatt med seg frå sine heimland.

Forestillinga fekk ei formidabel mottaking, og initiativtakarane såg at dette var eit prosjekt som hadde berekraft. Sidan 2004 har Fargespill utvikla seg til ei rekkje multietniske musikalske møte, der i dag omkring 80 barn og unge frå rundt 30 ulike nasjonar deltek. Kompaniet har fleire forestillingar i løpet av året. Barn og unge frå alle verdshjørne skaper musikalske møte som set spor, både hos dei som deltek og hos publikum. For Fargespill er langt meir enn ei forestilling. Fargespill er snarare ei overtyding om at vi menneske kan møtast som likeverdige, sjølv om vi kjem frå svært forskjellige kulturar. Slik representerer prosjektet også ein ambisiøs integreringsfilosofi: Fargespill er noko så sjeldant som ein varm, varm velkomst!

I løpet av få veker skal alle dei lokale Fargespel-gruppene vere i gong med lokale øvingar, og ein ønskjer no å nå ut til ALLE interesserte born, ungdommar og unge vaksne frå 2. klasse  til ca. 25-26 år, som er glade i å synge eller danse. Norske born og ungdommar skal også vere med etterkvart, etter nærmare innbyding, men no i første omgang er det viktig å komme i kontakt med innvandrar-vener frå heile verda. Det er viktig at dei som kjenner aktuelle born eller ungdommar, oppmoder dei om å melde seg. Det vert sendt ut innbyding til alle barne- og ungdomsskulane og dei vidaregåande skule ved skulestart. .

I nesten kvar kommune er det no etablert lokale ressursgrupper med følgjande kontaktpersonar innan kultur, skule og vaksenopplæring: Hornindal: Oline Løvlid og Idar Holen, Stryn: Linda Gytri, Hilde Nesje og Marit Sandnes Skrede, Gloppen: Ann Karin Ose og Kjersti Rønningen, Bremanger: Grete Berntzen, Vågsøy: Inga Andal,  Eid: Unn-Elin Carlsen og Kari Standal Pavelich. Om kort tid vonar ein å ha ein kontaktperson på plass også i Selje. 

Michael Pavelich vert kunstnarisk og musikalsk leiar, og når sceneteppet går på premieren 5. april er også eit utvida operaorkester på plass på scena i Operahuset Nordfjord.

Øvingane startar seinast i veke 36, og laurdag 20. oktober vert det storsamling og øving heile dagen med alle medverkande i Operahuset Nordfjord. Då vert huset fyllt med song, musikk og dans frå alle verdshjørne.

Enn så lenge oppmoder ein  musikkglade publikummarar om å sette av helga i kalenderen og finne ein dag som passar. Allereie no kan ein garantere at lommetørkle er påkravd når Fargespel Nordfjord inntek operahuset og varmar hjarte og sinn! 

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Pressekontakt

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge