Gå videre til innhold
Solistane i Kimen: Eivind Kandal, Magne Fremmerlid, Karen Rosenberg Olsen, Thomas Røshol, Ragnhild Engeset, Ingeborg Fangel Mo, Louise Engeseth og Karina Holkestad
Solistane i Kimen: Eivind Kandal, Magne Fremmerlid, Karen Rosenberg Olsen, Thomas Røshol, Ragnhild Engeset, Ingeborg Fangel Mo, Louise Engeseth og Karina Holkestad

Pressemelding -

Urpremiere på operaen Kimen av Magnar Åm


Fredag 8. juni skjer det noko viktig i sunnmørsk operahistorie i Propellhallen i Volda under Dei Nynorske Festspela: Operaen Kimen av Magnar Åm og Oda Radoor, basert på romanen med same namn av Tarjei Vesaas, har urpremiere!

Telemark Kammerorkester ved musikalsk leiar Lars Erik ter Jung står som tingar av operaen, og prosjektet er eit samarbeid mellom kammerorkesteret, Magnar Åm, Opera Nordfjord og Seanse ved Høgskulen i Volda.

Dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet med snekring av kulissar på Opera Nordfjord sin verkstad på Nordfjordeid, utført av fire frivillige snikkarar frå dugnadsapparatet til Nordfjord-operaen. No er kulissane rigga i Propellhallen i Volda i samarbeid mellom nordfjordingar og møringar. Øvingane med solistar og operakor er godt i gong under leiing av dirigent Lars Erik ter Jung og regissør Jiri Nagy. Scenografien er ved ungararen Kristof Asbot . Koret er samansett av Volda Vokal, Ørstakoret og born frå Volda og Ørsta Korskule.

Solistane har stort sett lokal og regional tilknyting. Baryton Thomas Røshol kjem frå Bergen, med far frå Ålesund, tenor Eivind Kandal er oppvaksen på Kandal i Gloppen, bass Magne Fremmerlid kjem frå Skodje, Karen Rosenberg Olsen er utflytta ørsting, og Ingeborg Fangel Mo er dansk, men har hatt eit nært samarbeid med Magnar Åm i fleire år, mellom anna i operaen Isslottet, også basert på romanen med same namn av Tarjei Vesaas. Elles får vi møte solistane Ragnhild Engeset, Louise Engeseth og Karina Holkestad, alle kjende songarar frå musikkmiljøet i Volda .

Orkesteret er samansett av musikarar frå Telemark Kammerorkester, Ålesund Strykekvartett og frå Volda og Nordfjordeid. I tillegg skal 8 ungdommar frå orkesteret Indre Strøk i Ålesund medverke på fleire av nummera.

Billettsalet er i gong, og det vert tre framsyningar av denne spennande og høgst aktuelle operaen, som handlar om eit  sårt menneskesinn som treng legedom etter traumatiske opplevingar. Vi møter utanforskap, eksludering og menneske som går i flokk, på godt og ondt. Her vert det mest på ondt, men det er von om forsoning, tilgjeving og framtidstru i  siste scene - heldigvis. 

Det er ikkje nummererte plassar, så det kan lønne seg å komme i god tid for å sikre seg ein god plass og treffe kjende og ukjende publikummarar i operakaféen, som er open både før og etter framsyning. Det vert tre framsyningar: premiere fredag kveld, så framsyningar laurdag føremiddag og laurdag kveld, sjåhttp://www.festspela.no/dnf/no/program_2018/.  

Opera Nordfjord er stolt medarrangør av operaen og ser fram til siste innspurt mot sceneklar premiere.

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge