Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Kristin Auestad Danielsen om kvardagane som rommar livets drama

    Kristin Auestad Danielsen er klar med diktsamlinga Sterke kjensler og andre dikt. I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har ho skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dot

  • I den nye boka "Ro mitt hav" har Anne Marit Jakobsen samla sine favoritt Jon Fosse-dikt

    Anne Marit Jakobsen har valt seg det aller beste frå Jon Fosse sin lyrikk i boka Ro mitt hav. Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rekkje diktsamlingar, blant anna Engel med vatn i augene, Auge i vind, Songar og Stein til stein. I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne v

  • Ny roman frå avdøde Jan Roar Leikvoll - "Heimatt"

    No kjem ei ny roman posthumt frå Jan Roar Leikvolls hand, Heimatt. Boka vert lansert på Blå i Oslo 24.9. kl 19.  
    Jan Roar Leikvoll (1974-2014)  debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) vart publisert posthumt. 
    Han vart frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste

  • Faktabok for barn om menneske- og dyrehender

    I 2016 ga biolog Åsmund H. Eikenes ut "Handboka", ei faktabok om hendenes utvikling frå ursuppa fram til i dag. No følgjer han opp med "Knokedunk", ei faktabok for barn om korleis dyre- og menneskehender fungerer. Boka er illustrert av Eivind Gulliksen.

  • Ny roman frå Agnes Ravatn - "Dei sju dørene"

    Agnes Ravatn er klar med Dei sju dørene, hennar første roman etter knallsuksessen med Fugletribunalet.
    Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.
    Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkj

  • Anders Totland aktuell med romanen Vintertonar - kan ein reparere ein knust familie?

    I Vintertonar spør Anders Totland om ein kan reparere ein knust familie.
    Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kv

  • Monica Bjermeland debuterer med romanen "63 måtar å elske deg på"

    Ti år gammal får Gabriella vite at far hennar ikkje er far hennar likevel. Det finst ein genetisk-biologisk far. Han bur ein busstur unna, og han er tyrkisk. Betyr det at ho ikkje er norsk? Først då mor hennar døyr, tek Gabriella kontakt. Ho er 15 år og treng ein far. Korleis skal ho elles bli heil att? Men faren har fire søner og treng inga dotter.
    Som vaksen bestemmer Gabriella seg for igjen

  • Kritikarsuksess og 7. plass på bestseljarlista for "Septologien" av Jon Fosse

    Etter berre få dagar i sal er band ein i Jon Fosse sitt storverk Septologien inne på bestseljarlista for skjønnlitterartur. Bokmeldarane har også tatt svært godt i mot starten av sjubandsverket.
    Kritikarane seier m.a.: "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til", "Terningkast sju: Fosse i full fyr.", "Mesterlig fra Jon Fosse", "En herlig fest uten punktum!".
    Fosse var

  • "Dagane utan namn"- dramatisk forteljing om farskap

    Dagane utan namn av Bjarte Samuelsen er ei dramatisk forteljing om den mest utsette posisjonen ein kan ha: å vere barn – og om den vanskelegaste jobben ein kan ha: å vere forelder.
    Ivar skal bli far for første gong, men minna om hans eigen far veltar opp i han då guten blir fødd, og han torer ikkje å halde i sitt eige barn. For å meistre farsrolla må han forsone seg med sin eigen barndom. Han m

  • Siri Økland aktuell med "Den tid den song"- diktsamling med sterkt dødsnærvær og livskraft

    I si første diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho lèt også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det også finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho b

  • "Miklastaur" av Mads Rage - burlesk roman om sosial utstøyting

    Mads Rages nye roman Miklastaurer ei ellevill soge med alvorleg undertone.
    Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han e

  • Samlivsroman om å leve i bulderet frå undergangen

    Men ikkje Maria av Erlend Kaasa er ein samlivsroman der hovudpersonane lever i bulderet frå undergangen. 
    Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagsl

Vis mer