Gå videre til innhold
Monica Bjermeland. Foto: Oda Berby
Monica Bjermeland. Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Monica Bjermeland debuterer med romanen "63 måtar å elske deg på"

Ti år gammal får Gabriella vite at far hennar ikkje er far hennar likevel. Det finst ein genetisk-biologisk far. Han bur ein busstur unna, og han er tyrkisk. Betyr det at ho ikkje er norsk? Først då mor hennar døyr, tek Gabriella kontakt. Ho er 15 år og treng ein far. Korleis skal ho elles bli heil att? Men faren har fire søner og treng inga dotter.

Som vaksen bestemmer Gabriella seg for igjen å oppsøkje faren, som no har flytta attende til eit Tyrkia der tilhøyrsle ikkje er noko ein kan ta for gitt. Ho tek med seg dottera på fire år og reiser til den vesle landsbyen Tokaçlı heilt sør i landet, på grensa til Syria.

63 måtar å elske deg på er ikkje ei bok om forsoning. Monica Bjermeland skriv innsiktsfullt og levande om mot, kulturforskjellar og om å stå opp for den ein er. 

Monica Bjermeland (f. 1975) kjem frå Vestnes. Ho bur i Oslo og arbeider ved HL-senteret. 63 måtar å elske deg på er den første romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO