Gå videre til innhold
1900-talet fortalt på ein ny måte

Pressemelding -

1900-talet fortalt på ein ny måte

I boka 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår skriv Ottar Grepstad fram verdshistoria på ein original måte. Gjennom meir enn åtti forteljingar frå nærmare femti land skriv Grepstad om folk som forma vår tid frå 1900 og frametter. Politikarar og forfattarar, offiserar og musikarar dukkar opp, side om side med legar og romfararar, forskarar og vaktmeistrar.

Forteljingane er ordna etter klokkesletta då verda tok ei ny retning. Saman har dei lagt grunnlaget for tida vi no lever i. Det gir uventa og spennande inngangar til historia vår i ei bok ingen har skrive før.

Grunnlaget for boka er ein idé Grepstad fekk etter å ha skrive mange bøker om historie, språk og litteratur: Går det an å fange og skildre den dramatiske stunda som endra alt? Her er både den første hjartetransplantasjonen og den første databøggen. Og den gripande stunda då den tyske forbundskanslaren Willy Brandt måndag 7. desember 1970, klokka 09.35, uventa knelte framfor minnesmerket for jødiske heltar i Warszawa.

I ei historie om 1900-talet må John F. Kennedy, Adolf Hitler og Olof Palme med. Lady Diana, Phan Thi Tinh og Marie Curie har også fått ein plass i denne forteljinga om folka som forma vår tid.


Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar. Han har gitt ut over førti bøker om historie, politikk, språk og litteratur. I 2013 kom dei kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer og blei i 2018 utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs orden.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO