Pressemelding —
21.05 kjem tre nye fotballbøker i Samlaget sin lettlestserie "Visste du at...?", illustrerte av Magne Taraldsen.
Visste du at Erling Braut Haaland blir lett solbrent?
At Antonio Nusa er veldig opptatt av fotballsko?
Eller at Martin Ødegaard eigentleg var Liverpool-supportar, men speler for Arsenal?
I desse faktabøkene kan ein lese morosame og overraskande fakta om Erling Braut Haaland, Antonio Nusa og Martin Ødegaard. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.
Visste du at…? ERLING BRAUT HAALAND
Visste du at…? ANTONIO NUSA
Visste du at…? MARTIN ØDEGAARD
er alle ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Bøkene blir lanserte 21.05.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.