Gå videre til innhold

Emner: Underholdning

  • Knut Ivar Bjørlykhaug debuterer med lyrikksamling om dei store vala; er det rett å få barn slik verda no utviklar seg?

    Dikta i Knut Ivar Bjørlykhaugs debutbok handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida. Dette er ei bok på villspor. Og eit mangfald av stemmer spør: er det rett å få barn, slik verda no utviklar seg?Minna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om å setje eit barn til verda. Dikta er tett på naturens gr

  • Øystein Orten er aktuell med brevromanen "Borodino"

    Då niesa sender melding frå Paris om at ho har fått ein son, men samstundes er blitt alvorleg sjuk, begynner den gamle læraren straks å skrive eit brev til henne. Det hastar å svare på dei spørsmåla ho stilte som barn: Kven er vi, onkel, og kor kjem vi frå? I eit forsøk på å fortelje om kva plass slekta deira har i verda, trekker han tråden attende til starten av 1800-talet, til Tomas Øvstigard, s

  • Bjørn Hatterud kjem med boka "Far levde, og så var han død. Ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu"

    Bjørn Hatterud har hatt stor suksess med bøkene Mot normalt, Blokka på Bjerke og ikkje minst Mjøsa rundt med mor. I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.
    No har Hatterud skrive ei bok

  • Marita Aarekol og Marit Eikemo kjem med bok om forlatne hus på Vestlandet; "Husdraumar. forlatne heimar og folka som levde der"

    Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.
    Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgje

  • Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien "Astrup"

    Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien Astrup som blir lansert på Kode i Bergen 11.9.Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å gjere research til ein ny og grensesprengande Astrup-biografi. Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde ei

  • Tore Kvæven klar med ny roman "Eit spor til endes"

    Tore Kvæven som vann Brageprisen for Når landet mørknar, er klar med romanen Eit spor til endes om Torstein som veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.Faren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og in

  • Vaim Hotell av Jon Fosse kjem 3.9.

    Vaim Hotell er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.
    Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?Vaim Hotell

  • "Ventrakl" av Christian Hawkey ute på norsk i Mathias R. Samuelsens omsetting

    Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og ko

  • Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug

    Øyehaug får prisen på 50 000,- for heile forfattarskapen sin, og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.
    Frå juryen grunngjeving "Øyehaug får prisen for sitt omfattande forfattarskap, og hennar viktige bidrag i ulike litterære sjangrar som ho tøyer og eksperimenterer med. Øyehaug fører eit solid og utforskande nynorsk, med utfordrande og absurde litterære framstillingar

  • Maria Parr med ny bok om lesaren, litteraturen og det fortalde; "Sjå der går ein barndom"

    Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år. No er ho klar med boka Sjå der går ein barndom. Om lesaren, litteraturen og det fortalde.Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til

  • Ny strikkebok med oppskrifter på sokkar av Ingvild Grane

    Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. No er ho klar med si tredje strikkebok; Strikk sokkar. 30 fargerike oppskrifter for store og små.
    Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er insp

  • Arild Rein med ny roman frå oljebyen; "Det mørke fastland 1980"

    I den nye romanen Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen hans Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?

  • Martin Baldysz klar med bok to i historisk krimserie; "På stedet hvil"

    No kjem andre bok i Martin Baldysz kritikarroste Ryer-serie; På stedet hvil. Dette er ein historisk krimserie der søskenparet Ryer løyser krimgåter på Sunnmøre.
    Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, sender major Tandrum telegram direkte til overkonstabel Johan Ryer. Majoren ønskjer ikkje merksemd om saka no rett før storøvinga. Johan ser dette som ei gyllen mogleghei

Vis mer