Gå videre til innhold
Berre hopp! av Åshild Moldskred
Berre hopp! av Åshild Moldskred

Pressemelding -

Åshild Moldskred med ny barnebok om korleis å bli tøff på to veker

Med Berre hopp! har Åshild Moldskred skrive ei barnebok om mobbing, utanforskap og det å leve med eit handikap.

Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis.

Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Men korleis skal ho tore å gjere noko som er så skummelt at ho knapt vågar tenke på det? Og korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske?

Trass i å tematisere alvorlege tema er Berre hopp! skrive med humor og sjarme. Ingeborg står ikkje fram som eit offer, men som ei tøff jente som ved hjelp av ein varm familie og ein søt nabogut tør å vise kven ho er og kva ho står for. 

Åshild Moldskred (f. 1978) kjem frå Haddal i Ulstein kommune og bur i Trondheim. Her studerer ho ergoterapi ved NTNU. Dette er den tredje boka hennar for barn og ungdom.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO