Gå videre til innhold
Agnes Ravatn. Foto: Marius Viken
Agnes Ravatn. Foto: Marius Viken

Pressemelding -

Agnes Ravatn nominert til Rivertonprisen

​Agnes Ravatn er nominert til Rivertonprisen for romanen Dei sju dørene som kom ut i september 2019. . Boka fekk svært gode meldingar og låg på bestseljarlista i fleire veker.  

Meir om Dei sju dørene: Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.

Sagt om boka:

«Satiren og humoren er godt balansert med en spennende handling og litterær dybde i en imponerende god roman.»
Ole Jacob Hoel, Adresseavisen


«Agnes Ravatner uovertruffen i å lage dramatiske kammerspill. [...]

Dette er stor fortellingskunst, særdeles godt uttenkt, formulert og komponert.»

Valerie Kubens, Fædrelandsvennen


«Denne romanen har alt! […] Agnes Ravatn sin lekre godtepose av ein roman har alt ein kan ønske seg av humor, intelligens og spaning.»
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen


Terning 5«Agnes Ravatn gjør krimsjangeren litt mer elegant»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende


Terning 5«Agnes Ravatn er ein luring. Romanen startar som ein middelklasseroman om middelklasseproblem som ho sakte snur til ein krim på liv og død blant universitetsfolk og kulturtoppar og det er svært underhaldande.»
Vidar Kvalshaug, BOK365


«Dei sju dørene» veks seg større enn sin eigen intrige – slik god litteratur oftast gjer. Ravatn gir lesaren rom for ganske mørke kjensler og ettertankar, i ein roman som gir inntrykk av å vere fullt oppteken med å leikande nøste opp si eiga krimgåte.»

Eivind Myklebust, Klassekampen


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO