Gå videre til innhold

Kategorier: agnes ravatn

  • Ravatn vart også tildelt Bokbloggarprisen i 2013, for romanen «Fugletribunalet».

    Agnes Ravatn vinn Bokbloggarprisen for andre gong

    Forfattaren er med det den fyrste til å vinne prisen to gonger, no for romanen Dei sju dørene.

    «Ravatn skriver med intelligens og humor, hennes satiriske skråblikk som vi kjenner fra de andre bøkene hennes, er absolutt tilstede», lyder grunngjevinga frå bokbloggar Tine Sundal. Ho er ein av mange bokbloggarar landet rundt, som har nominert sine favorittbøker frå 2019.
    Bokbloggarprisen har

  • Agnes Ravatn. Foto: Marius Viken

    Agnes Ravatn nominert til Rivertonprisen

    ​Agnes Ravatn er nominert til Rivertonprisen for romanen Dei sju dørene som kom ut i september 2019. . Boka fekk svært gode meldingar og låg på bestseljarlista i fleire veker.  
    Meir om Dei sju dørene: Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyni

  • Den engelske utgåva av "Fugletribunalet" haustar strålande kritikk og blir opplesningsserie på BBC Radio!

    Den engelske utgåva av "Fugletribunalet" haustar strålande kritikk og blir opplesningsserie på BBC Radio!

    Agnes Ravatn sin gjennombrotsroman Fugletribunalet (2013) vart i haust lansert i England og har motteke gode skussmål frå det engelske publikumet.
    Nettstaden Crimefictionlover.com har utropa The Bird Tribunal til årets beste ”Nordic Noir Novel” framfor mellom anna Jo Nesbø og avisa The Irish Times skriv at romanen er ”a chilly psychological thriller / domestic noir that unfolds in an austere st

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut i Danmark

    "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut i Danmark

    Agnes Ravatns gjennombrotsroman frå 2013, Fugletribunalet, er selt til det danske forlaget Batzer og co som frå før gir ut m.a. Jon Fosse, Tomas Espedal og Ingvild Rishøi. Fugletribunalet vert denne våren lansert i den engelske marknaden og har også kome ut på russisk, tysk, serbisk og litauisk. Nylig vart det også selt filmopsjon på boka, til Hummelfilm AS. 
    "Fugletribunalet" fekk strålande me

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut på engelsk

    "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut på engelsk

    Agnes Ravatns gjennombrotsroman «Fugletribunalet» frå 2013 er selt til det engelske forlaget Orenda Books. Forleggaren, Karen Sullivan, seier om boka at ho er  «svært gripande og ein intens litterær thriller», og at «dette er ein roman som vil trekke til seg ein brei lesarkrets». Den engelske omsettinga vil bli lansert våren 2016, og distribuert også i USA, Canada og Australia. Tidligare er roman

  • Ungdommens Kritikarpris til Agnes Ravatn

    Ungdommens Kritikarpris til Agnes Ravatn

    Agnes Ravatn har stor suksess med sin siste roman, Fugletribunalet. Før i år vann ho P2 Lytternes Romanpris og i dag valde ungdommane henne til vinnar av Ungdommens Kritikarpris. Boka som kom i september i fjor er også selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany.

  • Agnes Ravatn med ny roman, Fugletribunalet

    Agnes Ravatn med ny roman, Fugletribunalet

    Boka er alt selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany (tidlegare Bertelsman). I Fugletribunalet følgjer vi to menneske som har søkt eksil i eit avsidesliggande hus ved havet. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

  • Samlaget har lansert haustlista 2013

    Samlaget har lansert haustlista 2013

    Forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 146. haustliste. Samlaget har 10 debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. Agnes Ravatn, Jan Roar Leikvoll, Sigrun Slapgard, Ragnar Hovland og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.