Gå videre til innhold
Aina Basso nominert til Brageprisen

Pressemelding -

Aina Basso nominert til Brageprisen

Aina Basso er nominert til Brageprisen i kategorien ungdomsbøker for boka Inn i Elden med handling frå hekseprosessane i Finnmark. I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I boka møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie.

Basso, som er historikar, har bygd boka på verkelege hendingar. Både formular og tilståingar er henta frå originale svartebøker og rettsprotokollar.  Basso har lenge vore opptatt av denne delen av den norske historia. Forfattaren har også familiebakgrunn frå området der handlinga utspelar seg. Far hennar som har finsk (kvensk) bakgrunn, vaks opp i ei bygd mellom Vardø og Vadsø.

Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga.

Frå bokmeldingar

"Ingen andre norske forfattere mestrer de historiske tablåene som Aina Basso."

Maria Årolilja Rø,  Adresseavisen

"Aina Basso leverer svært godt med denne boka."

Ingeborg Mjør, Dag og Tid

"De hjerteskjærende scenene er mange, men Basso skriver for godt til at det blir en ren tåreperse. Hun har en egen poetisk stil, med rytmiske setninger og mange bilder. Metaforene lys og mørke brukes effektivt og utradisjonelt. (...) Boka er godt skrevet og berører sterkt."

Marie L. Kleve, Dagbladet

"(...) Gjennom Aina Bassos roman kan unge lesere se hvordan samfunnet vårt har utviklet seg mot mer rettferdighet, mindre uvitenhet og tross alt - mot større sosial likhet."

Anne Cathrine Straume,  NRK

"Intenst bra (...) Språket er i ei klasse for seg."

Torill Myren, Sunnmørsposten

Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige.

Basso er fast spaltist i avisene Nationen og Sunnmørsposten. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo.

Kontaktinformasjon til Basso: mobil 971 65 030  aina.basso@gmail.com  

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO