Aina Basso får KUD-prisen 2025 for romanen "Før det blir morgon"
Kulturdepartementet sin skjønnlitteraturpris for 2025 på kr 50 000 går til Aina Basso for Før det blir morgon. "Inga lita bragd", skriv juryen.
Kulturdepartementet sin skjønnlitteraturpris for 2025 på kr 50 000 går til Aina Basso for Før det blir morgon. "Inga lita bragd", skriv juryen.
Aina Basso er aktuell med si første skjønnlitterære ungdomsbok sidan den prisnominerte romanen Inn i elden i 2012. Før det blir morgon handlar om skam, urett og overtru, og om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Høur forfattaren på Ålesund litteraturfestival 25.januar.
Aina Basso er nominert til Brageprisen i klassen Sakprosa for barn og unge med boka Dei dødsdømde.
Historikar, forfattar og årets festspeldiktar, Aina Basso er aktuell med sakprosaboka Dei dødsdømde, historia om dødsstraffa i Noreg.
Då hekseri og trolldom var blodig alvor
Aina Basso er aktuell med sin nye historiske roman "Finne ly", ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Vi møter den reisande romanijenta Hanna som søkjer teneste hos ein enkemann med sine to vaksne søner. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.
Basso får prisen for den kritikarroste romanen Fange 59. Taterpige.
Juryen seier om følgande om boka:
"Fange
59. Taterpige er eit
sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet.
Vi treng
skjønnlitterære forfattarar som både skriv godt og som med god litteratur
kastar seg inn i debatten om menneskeverd også i dag, tre hundreår etter at
taterjenta Maria i romanen hamn
Aina Basso er nominert til Nordisk råds barnebokpris for "Inn i elden", ei historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe.
Aina Basso er nominert til Brageprisen i kategorien ungdomsbøker for boka "Inn i Elden" med handling frå hekseprosessane i Finnmark.
Aina Basso er aktuell med ny ungdomsroman om hekseprosessane i Finnmark, Inn i elden. Samlaget lanserer boka under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 29.2. I løpet av 1600-talet vart rundt 80 ”trollkvinner” dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta.