Gå videre til innhold
Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Pressemelding -

Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

Aina Basso er aktuell med sin nye historiske roman Finne ly, ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Vi møter den reisande romanijenta Hanna som søkjer teneste hos ein enkemann med sine to vaksne søner. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

I denne boka møter vi også samfunnsforskar Eilert Sundt (1817-1875) som leia eit statsstøtta prosjekt frå 1850 og utover med det målet å bli kvitt «fanteondet». Prosjektet var byrjinga på eit mørkt kapittel i norsk historie og førte til at mange reisande utover på 1900-talet blei tvangsbusett, fråtekne ungane sine og steriliserte, dels under tvang, som ein del av rasehygienepolitikken og eit ønske om å kvele den reisande kulturen.

Aina Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. No har Basso gjort eit nytt dykk inn i norsk historie, og har denne gongen skrive vaksenromanen Finne ly.

Kontaktinformasjon til Aina Basso:
aina.basso@gmail.com - 971 65 030

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO