Pressemelding -
Alf Helleviks mediemålpris 2022 til Vidar Eidhammer
Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer!
Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK 5. mai 2023.
Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
"Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva i det offentlege rommet. (...)
Prisvinnaren må til dagen jobba intenst med å gjera vanskelege saker forståelege i den aller kortaste, munnlege journalistiske sjangeren – bulletengen. Det er ein krevjande jobb. (...) Vidar Eidhammer meistrar denne oppgåva på ein framifrå måte. Bodskapen som kjem frå Eidhammers munn er alltid råd å forstå. Med si rolege og dynamiske røyst når innhaldet fram til publikum utan støy og utanomsnakk."
Vidar Eidhammer vart fast tilsett i Nyheitsdivisjonen i NRK 1. september 2014. Han gjekk ut av Nynorsk mediesenter i Førde i februar 2007 og etter det har han stort sett jobba i radionyheitene.
Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og TV som legg vekt på å dyrke eit normalisert, nynorsk talemål. Prisen har blitt delt ut sidan 1998. Prisen er på kroner 25 000,–.
I juryen: Magni Hjertenes Flyum, Sølve Rydland, Geirmund Henjum.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.