Gå videre til innhold

Kategorier: litteraturselskapet det norske samlaget

  • Vidar Eidhammer med bukett og diplom. Foto: Samlaget

    Alf Helleviks mediemålpris 2022 til Vidar Eidhammer

    Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer!

    Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK 5. mai 2023.
    Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
    "Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet sk

  • Morten Svartveit. Foto: Siren Høyland

    Hulda Garborg-stipendet 2022 til Morten Svartveit

    Hulda Garborg-stipendet 2022 går til Morten Svartveit. Juryen: "Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling". Prisutdelinga gjekk føre seg torsdag kveld etter ei framsyning av Sluttspel av Samuel Beckett på Det Norske Teatret. Svartveit speler sjølv i framsyninga. Etter applausen kom to representantar frå juryen opp på scena, og overrekte blomar og diplom til prisvinnaren, til stor jubel

  • Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

    Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

    Aud Søyland har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011). Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet er Jon Fosse, Kjartan Fløgstad og Guri Vesaas.