Gå videre til innhold
Anne Bergset Oikonomani debuterer med thrilleren "Smådjevlane"

Pressemelding -

Anne Bergset Oikonomani debuterer med thrilleren "Smådjevlane"

Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Thrilleren Smådjevlane er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske. 

Bergset Oikonomaki er frå Stryn, men har budd meir enn tjue år på Kreta. Der har ho fødd tre barn, plukka oliven og eigd ein bokhandel. I 2011 flytta ho tilbake til Noreg med barna.

Om boka: Elsa Fossevik tek vare på eit brev for ei norsk kvinne ho møter på Kreta. Kvinna forsvinn. Tilbake står Elsa med eit brev og ein mistanke om at alle som så langt har lese det, har blitt drepne.

Andreas Linde er halvt gresk, halvt norsk, og spesialagent i Organization Europe 3. No er han på veg mot eit oppdrag han ikkje vil ha. Påstandar om ei planlagt likvidering av kurdiske barn har nådd greske styresmakter. Oppdraget Andreas har fått er å eliminere alle involverte. For å redde dei kurdiske barna må han stoppe båten før dei når fram til Kreta. Det blir ein kamp mot tida – og etter kvart ein kamp også for å redde Elsa.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO