Pressemelding -
Anne-Lise Frøland får Tarjei Vesaas' debutantpris 2025 for romanen «Tynne rivner av lys»
Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland:
Tynne rivner av lys kom ut våren 2025 til svært gode meldingar..
På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt om til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
«I Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det trass alt skal gå bra. Historia vert fortalt på fleire tidsplan, i eit finstemt, presist og poetisk språk.»
«Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. Tynne rivner av lys er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige håpet som pregar vår felles reise som menneske.»
Tynne rivner av lys kom ut våren 2025 til svært gode meldingar..
Meir om boka:
Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt om til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
ANNE-LISE FRØLAND (f. 1993) kjem frå Ålesund og bur i Oslo. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar og med denne har ho vunne Tarjei Vesaas' debutantpris 2025.
Forfattarportrett: Marius Fiskum
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.