Gå videre til innhold
Kultpoet Ariana Reines er ute med diktsamlinga "Coeur de Lion"

Pressemelding -

Kultpoet Ariana Reines er ute med diktsamlinga "Coeur de Lion"

Den amerikanske kultpoeten Ariana Reines er for første gong ute på norsk. Coeur de Lion er eit rått og intenst langdikt skrive kort tid etter eit kjærleiksbrot. Teksten er framleis varm av begjæret, men er samstundes lærd, skarp og intellektuell.

Reines skriv beinhardt og generøst, og legg ingenting imellom, verken for seg sjølv eller lesaren: Dette er ei bok som tilstår alt. Ho er både vond, brutal og morosam, og kan ved første augekast verke hemnlysten. Men Reines er oppteken av å forstå det som har skjedd, det som skjer, og ho gir stemme til både Ariana og Jake, mellom anna ved at Ariana hackar seg inn på Jakes e-postkonto.

Reines pustar med sitt moderne kjærleiksdikt nytt liv i sjangeren. Coeur de Lion frå 2007 har blitt ein kultklassikar og har allereie hatt stor innverknad på amerikansk samtidspoesi.

Anna Kleiva har gjendikta teksten til norsk, og har også skrive eit etterord. Boka inneheld òg ein samtale mellom gjendiktaren og forfattaren.

Ariana Reines (f. 1980) kjem frå Salem, Massachusetts. Ho arbeider som poet, dramatikar og omsetjar. Ho er busett i New York.

«Lengsel etter frihet og lidenskap er tema for anerkjente Ariana Reines langdikt ... Reines er Knausgårdaktig kompromissløs i utleveringen av ekskjæresten og seg selv. Verken den bekjennende litteraturen, eller parforholdet som et fengsel er nytt i litteraturen. Dette er teksten klar over, og samtidig som den er lei av sin egen sjanger, er historien like fullt nødt til å skrives. Dette presserende behovet smitter over på leseren, og teksten framstår som et ønske etter å forstå hva det var som gikk galt». 

Kristian Wiese, Dagsavisen

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO