Gå videre til innhold
Arild Rein aktuell med Krapyl

Pressemelding -

Arild Rein aktuell med Krapyl

I denne prosasamlinga følgjer vi ein gut i gata og området han veks opp i, og observasjonane han gjer seg. Blikket hans er retta mot den til dels skremmande og uforståelege vaksenverda, representert ved dei eldre gutane, naboar, foreldre, tanter og onklar og besteforeldre.

Situasjonane er både skeive, humoristiske og smått absurde. Det handlar om fotballspeling, om å lære å sykle, om ein far som var bakar, om å vere avisbod om natta, men også om å tenne på gras, om steinkrig, om korleis ein skaffar seg gratis pengar, og om det å sykle til byen for å stele og køyre heis.

Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO