Pressemelding -
Arne Henning Årskaug aktuell med "Grell kabaret"; ei original og sprelsk bok om kjærleikssorg.
Grell kabaret av Arne Henning Årskaug er ei original og sprelsk bok om kjærleikssorg.
Årskaug har fått svært god mottaking for dei tidlegare bøkene sine. «Oppsiktsvekkande», «eineståande», «befippende», «leserhenvendt fest», " sjelden i norsk prosa», og "språkbegavelse», er karakteristikkar av stilen hans.
Iden nye boka til blir du teken med gjennom 43 tekstlege kabaretnummer. Her er det rikelege mengder med likesæl lauslivnad, manglande aspirasjonar, sprelsk antidanning og annan fåfengd trass mot vaksenlivets gnagande stillstand.
Grell kabaret er ei fargesprakande, særeiga og språksterk festframsyning om handteringa av eit kjærleiksbrot. Eller kanskje helst fråværet av ei handtering, der lesaren i staden følgjer den rangsøvde og motvillig feststemde hovudpersonen sine vågale og gagnlause forsøk på å skaffe seg nye relasjonar og fellesskap. Det blir framført både ekstase og vemod, absurd leik og vill fortviling. Kom og sjå. Kom og sjå. It's Showtime!Arne Henning Årskaug (f. 1985) kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. Han debuterte i 2015 med prosasamlinga Utstyrstekstar. Skap & Sørg kom i 2022. Årskaug fekk Bokhandelens forfattarstipend i 2022. Han arbeider som bibliotekar.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.