Gå videre til innhold
Foto: Gry Traaen
Foto: Gry Traaen

Pressemelding -

Atle Berge aktuell med roman om konkurransesamfunn og supportarkultur

I Atle Berges nye romanen Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande Brannsupportarar. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han.

Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.

Forfattarfoto: Gry Traaen

Kontaktinformasjon: Atle Berge: 414 60 275 atle@muntergang.no

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den førre romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har også gitt ut Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO