Gå videre til innhold

Regions: Hordaland

  • Ny bok; "Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø" av Halvor Folgerø

    Ny bok; "Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø" av Halvor Folgerø

    Halvor Folgerø, forfattaren bak suksessbøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022), har begeistra lesarar over heile landet. No er han tilbake med ny bok, Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø som blir lansert 24.10. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen

  • Foto: privat

    Poet Mona Vetrhus debuterer som barnebokforfattar

    Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.

  • Marit Eikemo med ny roman 24.5;"Vi er brødrene Eikemo"

    Marit Eikemo med ny roman 24.5;"Vi er brødrene Eikemo"

    I den nye romanen som kjem 24.5, Vi er brødrene Eikemo, fortel Marit Eikemo ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad.
    Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkjelenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per

  • Arne Henning Årskaug ute med ny prosasamling; Skap & Sørg

    Arne Henning Årskaug ute med ny prosasamling; Skap & Sørg

    Skap & Sørg av Arne Hennings Årskaug er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvil

  • Foto: Gry Traaen

    Atle Berge aktuell med roman om konkurransesamfunn og supportarkultur

    I Atle Berges nye romanen Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande Brannsupportarar. Det irriterer han der

  • Ny hagebok; "Små hagar" av Lisbeth Dreyer

    Ny hagebok; "Små hagar" av Lisbeth Dreyer

    Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!
    Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesam...
    Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass.
    Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og ins

  • "Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

    "Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

    Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig er ein biografi om ein markant sosialpolitikar og eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til. Boka er også ei forteljing om å leite etter sitt biologiske opphav. Forfattar er den prisløna BT-journalisten Kjersti Mjør. 
    Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje