Gå videre til innhold
Omslaget er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
Omslaget er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.

Pressemelding -

Barnas Juleroser 2020 med bidrag frå m.a. Maja Lunde, Kåre Conradi, Svein Nyhus og Herborg Kråkevik

Årets julehefte er spekka med illustrasjonar, papirklipp og førjulsoppgåver for heile familien.

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. Mens Juleroser kjem ut for sjette gong i år, kjem Barnas Juleroser ut for tredje gong.

Nokre av våre mest kjende og kjære forfattarar har skrive nye juleforteljingar, fargelagt av eit knippe av barnebok-Noregs mest populære illustratørar. Maja Lunde og Svein Nyhus har til dømes bidratt med forteljinga Zorg, Kåre Conradi har skrive Å eie en nisse, med illustrasjonar av Jens Kristensen, mens Arne Svingen er aktuell med historia Julen burde vært avlyst, illustrert av Øystein Runde. 

– I dette juleheftet er det mange gode forteljingar om barn og vaksne og gamle og dyr, og alle saman går dei og håpar på noko. Éin ynskjer seg hund til jul, éin ynskjer at det triste skal forsvinna, ein annan håpar på ei betre julefeiring enn året før, mens andre igjen berre håpar at det skal vera nok nonstop og brus til sjølvaste julekvelden, skriv Herborg Kråkevik i forordet.

I heftet finst òg ein aktivitetsjulekalender for barn laga av Bjørn Arild Ersland og Åshild Kanstad Johnsen, og barnevenlege matoppskrifter frå Anders Totland.

Barnas Juleroser og Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Kids Media Nordic AS.

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I haust er ho aktuell med nye hefte, album og Juleroser-turné saman med Bergen Filharmoniske orkester, Mathias Eick og Vigdis Hjorth. I tillegg kjem ho med Julesongboka, ei vakker gåvebok med kjente og kjære julesongar med kunst og dekor frå Juleroser 1881–1944.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO