Pressemelding -
Benjamín Labatuts roman "Det blinde lyset" endeleg på norsk.
I Benjamín Labatuts roman Det blinde lyset møter vi store tenkjarar som beveger seg ut i farleg, ukjent terreng. Labatut viser korleis oppdagingane deira gir verda revolusjonanerande nyvinningar og leiar til grufull pinsle. Linjene mellom dei to er aldri heilt tydelege.
Då Det blinde lyset – Labatuts tredje bok – kom ut i 2020, blei han raskt eit namn over heile verda.
Labatut lar oss bli kjent med Fritz Haber, Alexander Grothendieck, Werner Heisenberg, Erwin Schrödinger. Forfattaren gir oss innblikk i livet og tenkinga deira mens dei arbeider med eksistensens djupaste, mest grunnleggjande spørsmål. Dei får geniale innfall og idear, men driv også vekk vennar og elskarar, og isolerer seg sjølv i galskap.
Med stor fart og fascinerande detaljrikdom brukar Benjamín Labatut fiksjonens moglegheiter til å opne livet til vitskapsmennene og matematikarane som utvida forståinga vår av kva som er mogleg.
Boka er omsett frå spansk av Helene Hovden Hareide
Benjamín Labatut (f. 1980) er ein kritikarrost og prisvinnande chilensk forfattar, fødd i Rotterdam. I barndommen budde han blant anna i Haag, Buenos Aires og Lima, før han flytta til Santiago i Chile som 14-åring.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.