Gå videre til innhold
Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Pressemelding -

Biografien om Liv Signe Navarsete kjem hausten 2022

Journalist og kommentator i Bergens tidende, Jens Kihl, skriv biografien om den markante Sp-politikaren. Boka er planlagt å komme på Det Norske Samlaget hausten 2022.

-Dei aller fleste har ei meining om Liv Signe Navarsete. Ho gjorde ting på sin eigen måte og har aldri vore redd for å provosere. Eg håpar denne boka kan kaste nytt ljos over ein av dei mest særmerkte politikarane frå Vestlandet og Noreg i dette årtusenet.

Liv Signe Navarsete er bygdekvinna som gjorde karriere i eliten. Ho er vestlendingen som erta på seg Oslo-makta. Ho er den latterleggjorte som blei genierklært. Og ho er kvinna som yppa til strid med sterke menn - mange gongar. Men ho er også Sp-leiaren som som opplevde intern strid i partiet. Ho er politikaren som blei motarbeidd av sitt eige temperament. Og ho er strategen som til slutt tapte makta. Liv Signe Navarsete var partileiar for Senterpartiet frå 2008 til 2014. Ho har sete 16 år på Stortinget og var statsråd i alle dei åtte raudgrøne regjeringsåra: fyrst samferdsleminister og så kommunal- og regionalminister. Før dette hadde ho femten år bak seg som lokalpolitikar i Sogn og Fjordane.

Dette er ikkje heile livet til Navarsete. I 1992 blei ho brått enke. Der stod ho med gardsbruk, to ungarog jobb i Sogn og Fjordane Meieri. For andre menneske ville ein slik situasjon knapt vere til å bere. For Navarsete blei nittitalet perioden der ho for alvor gjekk tungt inn i politikken.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO