Anders Totland er aktuell med lyddrama for barn
Den allsidige forfattaren Anders Totland feirar ti år som forfattar med Katastrofedagbøkene, eit lyddrama for barn i fire deler. Serien er tilgjengeleg på Fabel frå 7.november.
Den allsidige forfattaren Anders Totland feirar ti år som forfattar med Katastrofedagbøkene, eit lyddrama for barn i fire deler. Serien er tilgjengeleg på Fabel frå 7.november.
Veronika Erstad er aktuell med bok to om bestevenane Saga og Storm. Saga og Storm blir IKKJE kjærastar handlar om venskap, gruppepress og hundar. Rettane til bøkene er selde til Danmark før utgiving i Norge.
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Anna R. Folkestad er aktuell med bildeboka Litt for snill, ei morosam bok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god venn.
Halvor Folgerø, forfattaren bak suksessbøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022), har begeistra lesarar over heile landet. No er han tilbake med ny bok, Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø som blir lansert 24.10. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen
Marthe Holien Bø debuterer som barnebokforfattar med den sjarmerande og hjartevarme boka Ni løgner og jakta på eit smil. Boka handlar om sorg og venskap, og er illustrert av Tiril Valeur.
Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.
I den nye romanen som kjem 24.5, Vi er brødrene Eikemo, fortel Marit Eikemo ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad.
Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkjelenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per
Sunniva Relling Berg er aktuell med Soldagen, ein lettlesen roman for ungdom.
Martine Grande er aktuell med barneboka "Ringen", ei humoristisk lettlesen bok om ei skjor som stel frå mora si.
Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei sjarmerande historie om å vilje bli sett, gode vennar og søskenkjærleik. Og litt om dårleg samvit.
Prisvinnar Tone E. Solheim er aktuell med bok nummer to. Eg er V-Vida handlar om å vere einsam og tretten år, og om kor vanskeleg det er å få seg vener når ein ikkje klarar å seie namnet sitt høgt.
"Ivar får ansvar" er ei humoristisk og absurd barnebok for mellomtrinnet av prisvinnar Arnfinn Kolerud, om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Den store norske siderguiden av Thomas Digervold er den første boka som gir deg ei innføring i polets breie utval av sidarar frå heile landet.
Noreg er eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. Digervold har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein le
I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka Vestlandsvegar om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiene talrike og dramatiske. I Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifj
Biografien om Georg Johannesen fortel historia om ein samansett mann på tvers av si samtid. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar Alfred Fidjestøl eit uvanleg og fascinerande livsløp.
Arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 14.9.: https://www.facebook.com/event...
Arrangement på Litteraturhuset i Bergen 15.9.: https://www.facebook.com/event...
Lyrikar Georg Johannesen kunne vere e
På haustlista til Samlaget finn du mellom anna bøker av Agnes Ravatn, Oddgeir Bruaset, Anders Totland, Warshan Shire og Terrance Hayes. Halvor Folgerø følgjer opp fjorårets store suksess Vestlandsvegar med Fleire vestlandsvegar. Det kjem også biografiar om Erling Braut Haaland, Berge Furre, Liv Signe Navarsete og Georg Johannesen. Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske har gått saman om Barnebibelen
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er prisvinnande forfattar av ungdomsboka Sinne, i haust er ho aktuell med romanen Eg blir her, ein roman om forelsking, forviklingar og Vestlandet.
Tor Arve Røssland er aktuell med bok to i den populære spenningsserien Overleve.