Pressemelding -
Biografien om Lothepus på salstoppen
Finn Tokvams biografi om Leif Einar Lothe, kjend som Lothepus; "Går det til helvete, så går det til helvete" slår svært godt an blant norske lesarar. Totalopplaget er no på 43 000, og boka har vore på bestesljartoppen to veker på rad.
Boka er full av røverhistorier, men fortel også om brorens død, erfaringar med mobbing og konkurs. Forfattar Tokvam får mykje positiv respons på boka:
- Det er ikkje overraskande at folk let seg fascinere av Lothepus sine historier. Det gjorde eg også då eg skreiv boka. Men det som verkeleg gledar meg, er tilbakemeldingar frå mange som også finn trøyst og inspirasjon i boka.
Frå meldingar:
Årets artigste bok, med god margin, full av livserfaring som den oppvoksende slekta sårt kan trenge. ... Boka til Lothepus bør settes på pensum.
Tollef Mjaugedal, Klassekampen
Det var en gang en kar som fanget laks med grabben på gravemaskinen. Og skøyt ørret med hagle. Og mannen ble kalt Lothepus. Og boken hans? Den er bra, jæskla bra! ...
Første kapittel setter tonen og stilen så klokkerent at man får lyst til å ete boken i et jafs som om den var en burger.
Mari Grydeland, Aftenposten
Boken, med undertittelen «Går det til helvete, så går det til helvete», er drivende god.
Lars Kolbeinstveit, Minerva
Rabbagasten Lothepus appellerer til opprøraren i oss. Men tøffingen frå Hardanger er mjuk under skalet.
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
Leif Einar Lothe (f. 1969) er entrepenør, sprenger, maskinist, sangar og TV-kjendis. Lothe er frå Rogdo i Ullensvang og bur i dag i Odda. Han vann reality-serien Farmen kjendis i 2017, og mange kjenner han frå dokumentarserien Fjorden Cowboys, som følgjer Lothe og makkaren hans, Joar Førde, i kvardagen deira.
Finn Tokvam (f. 1972) er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han debuterte med romanen Tyl i 2005 saman med Halvor Folgerø. Finn Tokvam er journalist og humorist, han er kjent frå mellom anna radioprogrammet P.I.L.S på NRK, har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.