Gå videre til innhold

Pressemelding -

Blixprisen til Sondre Justad

Justad får prisen fordi han er ein sterk og synleg ambassadør for nordnorsk talemål. Juryen skriv: «Sondre Justad har sidan album-debuten i 2015 hatt stor suksess med fengande låtar som «Riv i hjertet», «Ikke som de andre», «Sorry» og «Gjør det igjen». «Riv i hjertet» var den mest spelte norskspråklege låta på radio i 2015. Mange nordnorske artistar har sidan 1970-talet sunge på nordnorsk, men då særleg innanfor visesjangeren.

Justad høyrer til ein generasjon artistar som for alvor har teke nordnorsk dialekt inn i popmusikken, og han når såleis eit stort yngre publikum. Justads nakne, ærlege og sanselege tekstar om kjensler, relasjonar, eksistensielle spørsmål, men òg dei små tinga, som i mimrelåta «Tida vi bare va», har brei appell.

I dokumentarfilmen Riv i hjertet (2024) kan ein få eit innblikk i korleis publikum frå heile landet har lært seg tekstane hans og syng med på både vers og refreng på konsertar. Justad er såleis ein sterk ambassadør for nordnorsk talemål, og derfor ein verdig vinnar av Blix-prisen.»

Blixprisen er på 15000,- og blir kvart år delt ut til ein framifrå nordnorsk forfattar. Det skal leggjast vekt på å heidra yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom.

Juryen til Blixprisen har vore Hallvard Andre Kjelen, Anne O. Bjørkli og Aslaug Eidsvik

(Foto av Justad: Jonathan Vivaas Kise)

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter