Gå videre til innhold
Bøker som får ungdom til å lese

Pressemelding -

Bøker som får ungdom til å lese

Velkomen til arrangement på Nasjonalbiblioteket, Halvbroren, Observatoriegt. 1B, Oslo. Onsdag 18. september kl 18.00. med dei prislønte forfattarane Lars Mæhle og Terje Torkildsen som pratar om bøker som ungdommar vil lese. Arrangør er det det nye vennelaget for forlaget, Vennelaget Samlagsrota.

Forfattarane snakkar om kva og kvifor dei skriv, og gir oss  innblikk i nye prosjekt dei held på med. Mæhle har nyleg blitt tildelt Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for 2013 og Bokhandelens stipend 2013, og begge har vunne ungdommens eigen lesarpris: UPrisen, Torkildsen til og med to gonger.

Mæhle har allereie eit langt forfattarskap bak seg og skriv i ulike sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Torkildsen er ein multikunstnar som til no har skrive fem bøker for ungdom, den eine også MED
ungdom. Personane vi møter hos Mæhle, har noko sårt over seg, ofte bak tøffe masker. Dei røffe personane til Torkildsen har kanskje ikkje like stort behov for maske? Ungdommane blir uansett vikla inn i og løyser gåter og mysterium på mange plan, i forrykande spenningsromanar.

Mæhles siste ungdomsbok er Fuck off, I love You frå i fjor og Terje Torkildsen avslutta spenningserien Dystopia i fjor.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO