Gå videre til innhold

Kategorier: terje torkildsen

  • Uprisvinnar Torkildsen aktuell med ny ungdomsroman "Arrfjes"

    Uprisvinnar Torkildsen aktuell med ny ungdomsroman "Arrfjes"

    I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

  • Bøker som får ungdom til å lese

    Bøker som får ungdom til å lese

    Velkomen til arrangement på Nasjonalbiblioteket, Halvbroren, Observatoriegt. 1B, Oslo. Onsdag 18. september kl 18.00.

  • Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

    Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

    Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsen vann Uprisen for den den forrige boka i serien, Dystopia III. Han fekk også prisen for debutboka si Marki Marco.

  • TERJE TORKILDSEN VANN UPRISEN FOR ANDRE GONG

    TERJE TORKILDSEN VANN UPRISEN FOR ANDRE GONG

    Terje Torkildsen vann i dag Uprisen for andre gong, for spenningsboka Dystopia III. Prisen vart delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren. Samlaget har vunne prisen fire av dei seks gongene han har blitt delt ut.