Gå videre til innhold
Bok om bygging av utedo selt til utgiving på engelsk

Pressemelding -

Bok om bygging av utedo selt til utgiving på engelsk

Siri Helles bok Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid er selt for utgiving på engelsk til anerkjende Granta Books i ein auksjon blant fleire forlag. Boka er ei historie om å bygge ein utedo på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede. Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne. Boka er eit forsvar for det praktiske arbeidet. Kva skjer med oss og med samfunnet vårt når vi ikkje lenger brukar hendene? Granat Books er glade for å ha sikra seg boka i bodrunden. Dei har også tatt opsjon på Helles kommande bok. 

 Laura Barber, Deputy Publishing Director hos Granta Books, seier det slik:

‘We all at Granta were captivated by Siri’s account of building her own mini-cabin – both for the clarity and honesty of her description of the challenges of wielding a chainsaw, and for the subtle profundities she discovers along the way. This is a book that celebrates the act of reconnecting with your own two hands and discovering the joy of creation. We feel so excited to be introducing Siri Helle’s writing to the English-speaking world.’

Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.

Vi menneske har heilt fram til no brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss og med samfunnet vårt når vi ikkje lenger brukar hendene?

På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har skrive bøkene Handle rett og Matmakt på butikken, og vekslar på å arbeide som skribent og journalist, snikkarassistent og geitebudeie.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO