Gå videre til innhold
Bok om kroppsvæsker selt til utgjeving på engelsk

Pressemelding -

Bok om kroppsvæsker selt til utgjeving på engelsk

Det New York-baserte forlaget Skyhorse har kjøpt dei engelske rettane til boka Sprut. Sanninga om kroppsvæskene våre av Åsmund H. Eikenes. Den amerikanske utgåva kjem ut til sommaren.

I boka skriv Eikenes om blod, sveitte og tårer – og 50 andre kroppsvæsker. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får ein eit nytt syn på kroppsvæskene sine.

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) er biolog og forskingsformidlar. Han har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo, og har gitt ut båe faktabøker og skjønnlitteratur.


Meir om boka: I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. Ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO