Gå videre til innhold
Boklansering - "Graut. Frukost, middag og dessert" av Lasse Skjønning Andersen 6. mars

Pressemelding -

Boklansering - "Graut. Frukost, middag og dessert" av Lasse Skjønning Andersen 6. mars

I Danmark har grautgründer Lasse Skjønning Andersen utvida forståinga vår av «graut» og viser at den er noko meir enn traust kvardagsfrukost. Skjønning Andersen har starta populære grautbarar i Danmark. Med boka Graut, som har blitt ein suksess i Danmark, tar han no «grautbølgja» til Noreg.

Møt Lasse Skjønning Andersen i Mathallen i Oslo 6. mars kl 12-13 og 16-19!

kl 12 demonstrerer han baby- og barnegrautar og mellom 16-19 viser han sine beste grautoppskrifter med smaksprøvar. Stikk innom!

Graut var på norsktoppen i hundrevis av år, men så vart grauten nesten borte frå kosthaldet vårt. No er grauten på full fart tilbake på tallerkenen. Og graut er mykje meir enn havregraut!

Kva med byggraut med heil emmer, frisk pære, skyr, bringebær og rista valnøtter til sundagsfrukosten? Gulrotrisotto med emmentaler, sylta gulrøter og frisk persille til middag? Eller pære- og fenikkelgraut med mørk sjokolade, hyllebærsirup og vaniljefløyteskum til dessert?

I kokeboka får du ei enkel innføring i korleis variera og løfta grauten til nye kulinariske høgder, både til frukost, middag og dessert. Boka inneheld 67 nyskapande oppskrifter og er flott biletlagt.

Lasse Skjønning Andersen (f. 1989) er særleg oppteken av det nordiske kjøkenet, både det gamle og det nye, men nyttar seg òg av dei beste oppskrifter frå heile verda i eigne versjonar. Han driv verdas første grautbar, GRØD, i Jægersborggade på Nørrebro i København.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO