Gå videre til innhold
"Bomullsengelen"; storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar

Pressemelding -

"Bomullsengelen"; storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar

Bomullsengelen av Susanna Alaskoski er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mora vert øydelagt av fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti, som tar hand om alt.

Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den store byen med den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv.

Andre bok i kvartetten, Londonflickan, kom på svensk i 2021 og er planlagd utgitt på norsk i 2024, med tittelen Londonjenta.

Boka er omsett av Runa Kvalsund.

SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO