Gå videre til innhold

Kategorier: nynorsk barnebok

  • Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen. Foto: Agnete Brun (Fidjestøl) og Benedikte Skarvik (Nortun).

    Nynorsk på topp: Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen

    Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget. 
    Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.
    I haust har omlag 120.000 barn på mellom

  • Ingunn Thon fekk sin litterære debut med barneromanen «Ollis». Foto: Pernille Walvik

    «Ollis» av Ingunn Thon nominert til prestisjetung barnebokpris i Storbritannia

    Barnebokforfattar Ingunn Thon er nominert til 2021 CILIP Carnegie Medal Prize for Ollis.
    – Eg synast det er veldig stas. Spesielt å bli nominert i UK som er kjent for å ha så mykje fin barnelitteratur sjølv, seier Thon om nominasjonen, og legg til: 
    – Om eg tenkjer på Ollis som ein ekte person, som eg av og til gjer, blir eg stolt av ho. At reisa ho gir seg ut på betyr så mykje for engelske

  • «Floke» er Neverdahls andre bok på Samlaget, etter «Jojo» frå 2018. Foto: Gry Dahl.

    Teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl aktuell med barneroman

    Stavanger-teiknaren Neverdahl byr på norrøn mytologi i 2020-drakt i nytt teikneserieprosjekt.
    Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som

  • Trondheims-baserte Harald Nortun (f. 1972) er aktuell med ny roman for barn.

    Brageprisnominerte Harald Nortun med ny barnebok

    Barneromanen Spådama i 7B tek for seg fordommar og førsteinntrykk i klasserommet.
    Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?
    Spådama i 7B handlar om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk, og om kor

  • Faktabok for barn klimaendringar "Når det regnar i Afrika"

    Faktabok for barn klimaendringar "Når det regnar i Afrika"

    Erna Olslands nye faktabok for barn, "Når det regnar i Afrika" tek for seg meteorologi og klimaendringar.
    Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det i