Gå videre til innhold
Brennaktuelt om flyktningkrisa

Pressemelding -

Brennaktuelt om flyktningkrisa

Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta.

Boka Farvel, Syria av Emil André Erstad gir oss viktig lærdom om dei menneska vi skal beskytte, og gjer det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.

I boka diskuterer Erstad korleis verdssamfunnet best kan stille opp for flyktningane. Den gir sterke møte med enkeltmenneske som er ramma av krigen, og innspel til ein betre flyktningpolitikk for Noreg og verda.

- Nordmenn kan generelt altfor lite om flyktningkrisa og mange kan lite om skilnaden mellom asylsøkarar og kvoteflyktningar. Dette gjaldt óg meg må eg innrømme, og det var litt av motivasjonen bak å skrive denne boka. Finne svar. For kva er eigentleg skilnaden mellom ein kvoteflyktning og ein asylsøkar? Det var eit mål for meg å nå ut med denne kunnskapen, seier Erstad.

I boka går Erstad laus på nokre av dei mytene som har etablert seg i ordskiftet om krisa. Mellom dei vanlegaste misoppfatningane er oppfatninga om at ”alle” flyktningane bur i flyktningeleirar. 

- Det er det faktiskt dei færraste som gjer. Majoriteten av dei syriske flyktningane er busett i urbane strøk, som til dømes Istanbul. Dette forvanskar hjelpearbeidet mykje, seier Erstad.

Boka lanserast tysdag 26.april i Oslo og dagen etter Bergen.

Sjå Facebook for meir info: https://www.facebook.com/events/214685155568847/

https://www.facebook.com/events/1011874735540836/

Emil André Erstad (f. 1991) er tidlegare leiar i KrFU og rådgjevar for internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. Han studerer samanliknande politikk, og sit i KrF sitt internasjonale utval. Han er engasjert i humanitære spørsmål og utviklingspolitikk. Han drøymer om ei meir rettferdig verd.

Epost: emil.andre.erstad@tankesmienagenda.no

Mob: 92294594

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO