Trude Tjensvold er aktuell med ei faktabok for dei minste om skogens språk
Trude Tjensvold har skrive og illustrert faktaboka Vi roper i skogen, ei bildebok om skogens språk.
Trude Tjensvold har skrive og illustrert faktaboka Vi roper i skogen, ei bildebok om skogens språk.
Alfred Fidjestøl får Samlagsprisen 2022 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin. Utdrag frå grunngivinga til juryen: "Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius."
Aina Basso er nominert til Brageprisen i klassen Sakprosa for barn og unge med boka Dei dødsdømde.
Det Norske Samlaget lanserer ein illustrert biografi om Erling Braut Haaland, ei gåvepakke til alle fotballinteresserte barn! Her får vi lese om fenomenet Haaland og om korleis han blei ein av dei beste i verdas største idrett.
Historikar, forfattar og årets festspeldiktar, Aina Basso er aktuell med sakprosaboka Dei dødsdømde, historia om dødsstraffa i Noreg.
Den tidlegare NRK-journalisten er aktuell med ny bok – og Bragenominasjon, om den ukjende spesialagenten Wilhelm Holst.
I grunngivinga frå juryen står det mellom anna:
«Denne medrivande forteljinga handlar om den ukjende norske motstandsmannen Wilhelm Holst. [...] Boka har vorte mykje meir enn ein biografi: I tillegg til jakta på det verkelege livet til ein agent som opererte i løynd, gir ho
I Havørna fortel tidlegare NRK-journalist Gunnar Myklebust historia om vår største rovfugl – og miljørørsla som redda han.
I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, gir den fascinerande historia om havørna grunn til håp.
Då den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiasta
Ny kunnskap om kreft gir eit heilskapsbilete av det banebrytande arbeidet som gjerast innan forsking på kreftbehandling.
Er det mogeleg å løyse «kreftgåta»? Kva seier eigentleg forskinga om påstandar som at kreft er uflaks, at ein gentest kan avsløre kreft, at alle bør få immunterapi, og at kunstig intelligens skal revolusjonere kreftbehandlinga? Dagens kunnskap om biologi opnar til dømes opp f
Forfattar Gunnar Grytås meiner den nasjonale forteljinga om dei store tapa i heimeflåten, og dei sivile redningsaksjonane, må fram i lyset.
Dødsleia og livsnerven er ei skakande forteljing om tapet av 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar i heimeflåten under den andre verdskrigen. Skipsleia var ein av dei farlegaste stadane for sivile nordmenn frå 1940 til 1945, men samstundes ein vi
Eit underhaldande portrett av ein av våre mest radikale folkeopplysarar, som hadde seksualitet, openheit og kulturkamp på agendaen.
I Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar tek Gatland oss med på ei reise frå Lars Bergs oppvekst på fiskebåt i Tromsø, til eit tilvære som musikkglad lærar og grunnleggjar av Hålogaland teater, og mest sentralt: som forfattar i Oslos kulturradikale miljø. Med
23. august er svenske Nathalie Simonsson aktuell med "Verdas viktigaste bok" på norsk. Boka tar opp tema innanfor kropp, sex og kjensler, og er meint for barn frå 9 år og oppover.
Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta.
Boka Farvel, Syria av Emil André Erstad gir oss viktig lærdom om dei menneska vi skal beskytte, og gjer det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.
I boka diskut