Gå videre til innhold
Brit Bildøen med ny roman; "Tre vegar til havet"

Pressemelding -

Brit Bildøen med ny roman; "Tre vegar til havet"

I Tre vegar til havet skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit anstendig menneske.

Ei kvinne går ut til postkassa for å hente eit brev ho har venta på lenge. Eit brev som skal endre livet hennar.

Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt.

Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv.

Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida.

Brit Bildøen (f. 1962) er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO