Gå videre til innhold
Foto: Privat
Foto: Privat

Pressemelding -

Debutant med ungdomsroman om familiedrap og vegen ut av mørkeret

Therese Garshol Syversen debuterer med ungdomsromanen Sting på Samlaget 7.februar, ein modig og utfordrande roman om kva menneske er i stand til, på godt og vondt.

Seksten år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Heilt kva som har hendt, hugsar ho ikkje, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby, og som gjerne vil bli venn med Emma.

Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.

Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.

« Alt er lov, alt bortsett frå å lage nye versjonar av det som skjedde, det er ikkje lov, for eg må leve med denne versjonen som ikkje er til å halde ut, korleis –        

        Korleis skal ein halde ut det som ikkje er til å halde ut?»

Dei færraste opplever noko så dramatisk som det hovudpersonen Emma gjer i boka, men debutant Therese Garshol Syversen behandlar tematikken på ein truverdig og engasjerande måte, og hovudpersonens kamp med seg sjølv og hennar veg ut av mørkeret vil vere attkjenneleg for mange unge som ikkje har like dramatiske hendingar bak seg. Med Sting har Garshol Syversen levert ei stram og sterk forteljing som riv i magen, og samstundes byr på varme og forsonande augeblikk. 

Therese Garshol Syversen (f.1988) kjem frå Fredrikstad og er busett i Oslo. Ho underviser i og forskar på barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskulen i Innlandet. Sting er den første romanen hennar.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO