Monica Laupsa debuterer med ein engasjerande fotballroman for ungdom
Monica Laupsa debuterer med ungdomsboka Førstetouch, ein aktuell og engasjerande roman om fotball, forelsking og fordommar.
Monica Laupsa debuterer med ungdomsboka Førstetouch, ein aktuell og engasjerande roman om fotball, forelsking og fordommar.
Prisvinnar Tone E. Solheim er aktuell med ei klok og varm ungdomsbok om drikkepress, ansvar og det å miste kontrollen. Promille er den tredje romanen hennar.
Anders Totland er aktuell med heile fire bøker i ein ny serie for barn frå 6 år, Katastrofedagbøkene. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år. Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje? Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!
Samlaget lanserer tre nye lettlest-bøker av Anna Folkestad om blekksprutar, edderkoppar og dovendyr 29. mai. Bøkene inneheld overraskande fakta og er illustrerte for å inspirere ferske lesarar. Serien er ein del av Leseland for barn som lærer å lese.
Sigmund Løvåsen er aktuell barneboka Flaumen, ei morosam og dramatisk historie om ville naturkrefter og sjarmerande overmot. Boka er illustrert av Kristoffer Kjølberg.
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Therese Garshol Syversen (f.1988) debuterer med ein modig og utfordrande roman for ungdom om ein familietragedie og vegen ut av mørkeret.