Gå videre til innhold
Debutant Odd Eirik Færevåg skriv om å miste eit lite barn

Pressemelding -

Debutant Odd Eirik Færevåg skriv om å miste eit lite barn

I debutboka si Dagane grå skriv Odd Eirik Færevåg tett og personleg om å miste eit lite barn. Dikta er gripande og personlege, underlege og underhaldande. Dei fortel om ein liten son som døyr, og som bringar fram minna om ei syster som døydde fem år gamal. 

Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk som jobbar seg ut av sorga.
Samlinga er ei hyllest til dei som står rundt: kjærast, foreldre, barn og venner.

Forfattaren miste guten sin då han var under eitt år. Færevåg seier dette om debutboka si;

-Dagane grå kan lesast som ein poetisk sjølvbiografi. Sentralt står tapet av son min. Dei barndomsminna han fekk, fins ikkje lenger, men nokre av mine fins i boka. Mellom dikt om havsuler, maneter og aggressive tjuvjoar, fins også dikt om søster mi som døydde. For meg er dette likevel ei lys bok.

Fem av dikta i denne boka er centoar. Ein cento er eit dikt sett saman av liner skrivne av andre, altså ein diktcollage. Linene er henta frå dikt av m.a. Mona Høvring, Søren Ulrik Thomsen, Allan Ginsberg, Nils-Øivind Haagensen og Wisława Szymborska.

 
Odd Eirik Færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han bur i Haugesund og arbeider som lærar.

Frå boka:

Noko har stoppa opp, men det er ikkje sant 

det heller. Det held på og held på

som ein tanke: ein bekk mellom lauvtre

bak eit sjukehus. Eg skulle ha skrive dette

med ein øydelagd penn

på eit støvete ark på eit bord i eit tomt rom

i Gamlahuset, så kunne vinden opna vindauget:

Me får aldri sjå son vår igjen.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO