Gå videre til innhold
Dordi Strøm
Dordi Strøm

Pressemelding -

Debuterer med roman om fattigdom, klassereise og familierelasjonar

I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.

Heile bygdesamfunn gjekk i oppløysing på berre få år. Kvinner reiste til byane, mennene fekk arve gardane, men jorda var mindre verdt, og statusen som berre få år tidlegare tilkom den sjølvstendige bonden, forvitra og vart borte. Dette skiljet vart ein tragedie for mange familiar.

Frå tre forskjellige generasjonar fortel Strøm om foreldre, barn og barnebarn, og om korleis fattigdom og vald pregar liva deira, og den dei er. Dei klarar ikkje å snakke med kvarandre - men kanskje kan dei møtast likevel, på tvers av tid og rom?

Dordi Strøm (f. 1971) er frilans scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i dag i Oslo. Flog er hennar første bok.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO