Gå videre til innhold

Regions: Oslo

  • Ny bok som feirar begjæret; "Attrå. Erotiske fantasiar"

    Attrå er ei sexy bok som både pirrar og utfordrar. Forfattarane har fått meske seg i den erotiske sjangeren, og lar fantasien få fritt spelerom til glede for lesaren.Lansering på Ingensteds i Oslo på Den Internajonale onanidagen 7. mai;
    https://www.facebook.com/event...
    På fjellet, blant utstoppa dyr, over telefon, på svaberget, i ein ruin, på stovebordet, med avløysaren, med spelemannen, me

  • Johanne Nyborg aktuell med boka "Tolv dagar i april. Ei odelsjente fortel"; foto og tekstar om lamming og lengta heim til odelsgarden

    Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden. Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong

  • Den feministiske lesefesten "Etter Sapfo" av Selby Wynn Schwartz kjem endeleg på norsk

    Wynn Schwartz debutbok Etter Sapfo har blitt hylla i heile bokverda, og vart både Bookerpris-nominert, og kåra til ei av årets beste bøker av BBC, Guardian, New Statesman og The Independent. Romanen er ei påminning om og ei lovprising av det skapande rommet. Selby Wynn Schwartz har skapt ei forteljing som hyller fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira. Forfattaren kjem til Oslo, Trondheim og

  • Ny bildebok frå årets festspeldiktar Kari Stai

    Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.

  • Samlagets haustliste 2022

    På haustlista til Samlaget finn du mellom anna bøker av Agnes Ravatn, Oddgeir Bruaset, Anders Totland, Warshan Shire og Terrance Hayes. Halvor Folgerø følgjer opp fjorårets store suksess Vestlandsvegar med Fleire vestlandsvegar.  Det kjem også biografiar om Erling Braut Haaland, Berge Furre, Liv Signe Navarsete og Georg Johannesen. Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske har gått saman om  Barnebibelen

  • Ny dystopisk spenningsserie for unge frå Tor Arve Røssland

    Tor Arve Røssland startar det nye året med første bok i Overleve, ein ny dystopisk spenningsserie for barn og unge, om ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Bok to kjem hausten 2022, og band tre kjem i 2023.

  • Haustlista frå Samlaget 2021

    Jon Fosse toppar Samlagets haustliste med tredje og siste band i Septologien, Eit nytt namn, som blir lansert på opningsdagen av Den internasjonale Fosse-festivalen 3.9. 
    Her kan du bla i heile lista: 
    https://issuu.com/detnorskesam...
    Pdf av haustlista og lanseringsdatoliste ligg også ved.
    Lanseringsdatoar skjønnlitteratur for vaksne:
    Gaute Sortland, Avsporingar. Pre- og postapokal

  • Barnebokdebut om skeiv kjærleik

    Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.

  • Ny bok om alderdomssjokket som ein dag tek oss alle

    Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
    Dikta i Konfirmasjon til alderdommen

  • Debuterer med roman om fattigdom, klassereise og familierelasjonar

    I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.