Gå videre til innhold
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Pressemelding -

Diktartavla 2020 til Hilde Myklebust

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden.

Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut tre diktbøker. Den siste Kvar ein fugl, kom i 2018. Ho har også skrive fleire barnebøker i samarbeid med illustratørar. – Myklebust har markert seg gjennom ein utprega lyrisk forfattarskap i stadig utvikling. Vi er med glade for å gi Diktartavla 2020 til ein ung og markant poet med ei særeigen poetisk røyst, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.

I Hilde Myklebust si diktverd finn ein utprega varleik til omgivnader og naturteikn, og eit sterkt omsyn til både dyr og menneske. Under det heile ligg ei uro og eit medvit om ei kald og hard røynd, i løpet av få skriftteikn og linjer kan hendingar skje og stemningar snu. 

– Slik viser diktinga til Myklebust ei haldning, ei lytting, og ein respekt for naturen og alt som lever, seier konservator Stein Arnold Hevrøy ved Hauge-senteret.

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein norsk lyrikar blir heidra med ei inngravert diktartavle med eit utvald sitat av vinnaren. Prisen er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret. Av tidlegare prisvinnarar finn ein markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid. – Diktarstien formar no ein lyrisk hellegang med heile 28 dikttavler som prydar det vakre museumstunet her på Utne, avsluttar styrar Agnete Sivertsen.


For meir informasjon:
Dagleg leiar Olav H. Hauge-senteret, Geir S. Netland, tlf 90 03 82 86 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO