Pressemelding -
Dronning Maud får sin første biografi
Maud, den første dronninga i det sjølvstendige Norge, var Dronning Victorias barnebarn og dotter av Kong Edward 7. av Storbritannia. No får ho for første gong sin eigen biografi, ført i pennen av historikar og forfattar Arnhild Skre.
Fødd i 1869 var Maud oppdregen til å synast, ikkje skilje seg ut. 36 år gamal snudde ho livet sitt tvert om. 7. juni 1905 vedtok Stortinget å oppløyse unionen med Sverige og avsetje svensk-norske kong Oscar II. Opprøret provoserte stormaktene, krig truga og den norske regjeringa leita etter tryggingsgaranti. Svaret blei Maud. Dottera av den britiske kongen kunne knyte Norge til verdas sterkaste statsmakt. Ho sa ja, og saman med danske Prins Carl som blei Kong Haakon 7., tok ho på seg å byggje eit nytt kongehus i eit land som ikkje hadde hatt eiga dronning på meir enn fem hundre år.
Skre har fått tilgang til rike kongelege samlingar både på Det Kongelege Slottet i Oslo og i The Royal Archives i Windsor Castle. Ho har fått innsyn i tidlegare ukjende arkiv med ny kunnskap om dronninga. Med Dronning Maud og Kong Haakon kom kjendisjournalistikken til Norge. Som Skre seier det:
-Kvar ho kom var Dronning Maud ein sensasjon. Alle som såg henne meinte noko om henne. Men kva venta det norske folket av den nye dronninga? Kva kongelege konvensjonar kom ho frå? Korleis ville ho sjølv vere dronning? Og kva sa forventingane ho møtte om Noreg og det norske folket?
Biografien kjem etter planen ut hausten 2026.
-Ennå står mykje arbeid igjen, men dette blir ein biografi som kjem til å viske ut bildet av den fråverande og ubetydelege Dronning Maud, seier Skre
For meir informasjon, kontakt forfattaren Arnhild Skre på:
epost: ajskre@gmail.com tlf: +47 90892178
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.