Gå videre til innhold
Ein årslang segltur inspirerte Hildegunn Dales nye diktsamling «Rapportar frå havet»

Pressemelding -

Ein årslang segltur inspirerte Hildegunn Dales nye diktsamling «Rapportar frå havet»

Rapportar frå havet er poetiske omarbeidingar av notat frå ei årslang reise på havet. Hildegunn Dale legg ut på ei reise i eitt år saman med mannen sin og dottera deira Olina. I seglbåten "Elle Melle" dreg dei jorda rundt, og med seg har dei loggbøker, notatbøker og eit skipsbibliotek.

Tekstene tematiserer kva som skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad. Det dukkar opp spørsmål om korleis den kontinuerlege rørsla på reisa påverkar refleksjonane og draumane – og ikkje minst kva slags påverknad reisa har på skrifta og språket. Boka trekk vekslar på politiske, geografiske og personlege trådar, og vender dermed blikket utover samstundes som det personlege tydeleg kjem til uttrykk.

Dale sine omarbeidde notat har eit poetisk uttrykk. Boka inneheld glimt av nedteikningane til dottera Olina, som utvidar perspektivet på reisa. 


Eg har nok minne for eit liv, treng ikkje fleire. / Kunne opphalde meg resten av livet i ein seglbåt på opent hav. / Kvar dag ha setningar sagde av andre til underhaldning. / Augo ville etter kvart bli som hav. Drivande, blanke, / ute av stand til å halde ei stove.


Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur i Bergen. Ho debuterte med diktsamlinga Solkant i 2003. Dale har ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Rapportar frå havet er den sjuande diktsamlinga hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Relatert materiale

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO