Gå videre til innhold
Ein leik gjennom kunsthistoria!

Pressemelding -

Ein leik gjennom kunsthistoria!

Alt barna vil vite om kunst!

Med ein leiken, avslappa tone vil boka Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? oppmuntre mange barn til å besøkje museum med meir sjølvtillit. Boka er engasjerande og informativ og spør kva som gjer kunst til kunst. Kva er det med all den frukta? Kvifor er kunst så rar no for tida?

I denne introduksjonen til kunsthistoria er det spørsmål om korleis verda ser ut gjennom kunsten, frå bergkunst til kubisme, frå renessanse til samtidskunst. Det er spørsmål om ulike sjangrar, som stilleben, landskapskunst og portrett, og spørsmål om kunstens rolle og verdi – før og no. 

Boka tek oss gjennom kunsthistoria på ein original måte og gir også barn og unge verktøy til å stille spørsmål, leite etter svar og ”lese” kunst sjølve.

Ein fargerik boltretur gjennom kunstverda.

– School Library Journal

Boka har lanseringsdato 29. august. 

Susie Hodge (f. 1960) er historikar, forfattar, kunstnar og journalist. Ho har skrive meir enn hundre bøker om kunsthistorie, utøvande kunst og historie. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO