Pressemelding —
Einar Økland klar med ny diktsamling
Karikaturar i spegel med hol er ei diktsamling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg sjølv, men like gjerne forsvinne innover i det ukjende, i mørket og søvnen.
ELSKAREN
Ho var open
som eit kolon
då vi møttest.
Eg blei borte
på begge sider av henne
Einar Økland (f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen, Gyldendalprisen og Brages ærespris.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.